«Supersonic Rocket Ship» er ein song av den britiske rockegruppa The Kinks, skriven av Ray Davies. Han vart gjeven ut på singel 5. mai 1972 i Storbritannia og i september det året i USA. «Supersonic Rocket Ship» kom òg ut på albumet Everybody's in Show-Biz, som kom ut 25. august 1972 i USA og 1. september i Storbritannia.
Songen har eit liknande tema som tidlegare Ray Davies-songar som «Apeman», som uttrykkjer eit ynske om dra attende til eit enklare levesett. Og igjen som «Apeman» har songen sterke karibiske undertonar, kanskje påverka av reggaemusikken på den tida. Mellom anna vert det nytta steeltrommer i bakgrunnen.
Singen vart ein hit i Storbritannia og nådde 16. plassen på både lista til Melody Maker og Record Retailer, og 23. plassen på lista til New Musical Express. Han vart den siste større hitten til bandet i Storbritannia på 11 år, før «Come Dancing» nådde 11. plassen sommaren 1983. I USA nådde han derimot berre 111. plassen.
Medverkande Ray Davies - akustisk gitar, solovokal Dave Davies - sologitar, korvokal John Dalton - bassgitar John Gosling - klaverinstrument Mick Avory - trommer, perkusjon Mike Cotton - trompet John Beecham - trombone, tuba
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Supersonic Rocket Ship» frå , den 10. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar om verdsrommet Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar skrivne av Ray Davies