«Starstruck» er ein song av The Kinks frå albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society i 1968. Songen handlar om å bli absorbert av kulturen og kome bort frå familien sin.
Utgjeving «Starstruck» var den første amerikanske og europeiske singelen frå The Kinks Are the Village Green Preservation Society. Han kom ikkje ut i heimlandet Storbritannia. Songen nådde 13. plassen i Nederland, men gjekk elles ikkje in på listene. For den australske versjonen av singelen, vart A- og B-sida byta om, slik at «Picture Book» var A-sida. Ein musikkvideo der dei fire medlemmane er i ein park i London, vart filma av det nederlandske TV-selskapet NOS.
Medverkande Dave Davies - korvokal, gitar Ray Davies - solovokal, gitar Pete Quaife - bassgitar Mick Avory - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Starstruck (The Kinks song)» frå , den 8. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:The Kinks-songar Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Songar produserte av Ray Davies