Phoenix Wright: Ace Attorney − Justice for All er eit dataspel innan sjangrane eventyrspel og visuell roman, utvikla av Capcom. Det var opphavleg utgjeve til Game Boy Advance i 2002 i Japan, og har sidan blitt utgjeve til fleire plattformer. Utgåva av spelet til Nintendo DS, som kom ut i 2006 i Japan, blei omsett til engelsk og utgjeve i 2007 i Nord-Amerika og Europa. Spelet er oppfølgjaren til Phoenix Wright: Ace Attorney og er det andre spelet i Ace Attorney-serien.

Historia følgjer Phoenix Wright, ein forsvarsadvokat som forsvarer klientane sine i fire ulike episodar. Andre karakterar i spelet er mellom andre partnaren Maya Fey, søskenbarnet hennar, Pearl, og ein rivaliserande aktor, Franziska von Karma. Spelet er delt inn i to typar av seksjonar: rettssaker, der spelaren spør ut vitne og freistar å avdekke motseiingar i vitnesbyrdet, og etterforskingar, der spelaren samlar inn bevis og snakkar med vitna.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell japansk nettstad

Kategori:Dataspel frå 2002 Kategori:Eventyrspel Kategori:Game Boy Advance-spel Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:Visuelle romanar Kategori:WiiWare-spel Kategori:Windows-spel