mini|I 1960 var Jacques Piccard og Don Walsh dei første menneska som vart senka ned til den djupaste havbotnen i verda, Challengerdjupet i Maraianegropa i Stillehavet. Dette kunne gjerast ved å bruke batyskafen «Trieste» utforma av Auguste Piccard.
Djupvassfartøy (engelsk ) er ein bemanna, sjølvdriven ubåt som kan operere på store djupner. Slike fartøy kan ha oppgåver som å leita etter skipsvrak, fly eller andre gjenstandar på havbotnen. Dei kan òg brukast til avlytting av sambandskablar eller øydelegging av desse. I krig kan dei òg installere minefelt eller sensorar som kan varsle om framande ubåtar.
Døme Trieste DSV-0 «Trieste» Batyskafen X-1 «Trieste» nådde Challengerdjupet, den djupaste havbotnen i verda. Det blei teke ut av teneste i 1966.
DSV-1 X-2 «Trieste II» Ei oppdatert batyskafutforming som blei nytta til hemmelege operasjonar. «Trieste II» blei teke ut av teneste i 1984.
Priz Priz er ein russisk ubåttype med titanskrog utvikla av Sovjetunionen og Russland. Fartøyet vart mellom anna brukt i redningsoperasjonen då ubåten «Kursk» havarerte. Ubåten AS-34 nådde «Kursk», men greidde ikkje å redde nokon.
Sjå òg Batyskaf
Kjelder
Kategori:Båttypar