Them Again er det andre studioalbumet til det nordirske bandet Them og frontmannen Van Morrison. Albumet kom ut på Decca Records i Storbritanni den 21. januar 1966, men selde dårleg. I USA kom albumet ut i april 1966 og nådde 138. plassen på Billboard-lista.
Songar To songar skrivne av Van Morrison er med på albumet, «My Lonely Sad Eyes» og «Hey Girl». Versjonen deira av Bob Dylan sin «It's All Over Now, Baby Blue» vart av forfattaren Clinton Heylin rekna som «ein sjeldanheit, ein Dylan-song som matchar originalen.»
Som med «Gloria» frå den første plata, så vart «I Can Only Give You Everything» ein song som vart mykje spelt av amerikanske garasjerockeband, som The Liverpool Five, The Little Boy Blues, The MC5, Bram Rigg Set, The Ambertones og The Heros. Songen vart òg spelt av The Troggs og på fransk av Les Sultans (som «Tu es impossible») og Ronnie Bird (som «Chante»).
Innhald
Amerikansk versjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Them Again» frå , den 25. mars 2018. oppgav desse kjeldene: Heylin, Clinton (2003). Can You Feel the Silence? Van Morrison: A New Biography, Chicago Review Press
Kategori:Them-album Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Decca Records-album