Terry Sylvester () er ein engelsk gitarist og songar i som spelte i The Escorts, The Swinging Blue Jeans (1966–69) og The Hollies. I The Hollies erstatta han Graham Nash då han slutta i bandet i desember 1968.
Karriere Sylvester voks opp i Allerton i Liverpool. Gruppa han var med å starte, The Escorts, spelte med The Beatles tidleg i 1960-åra. The Escorts gav ut ein versjon av «Dizzy Miss Lizzy» på Fontana Records i 1964.
I 1966 byrja han i The Swinging Blue Jeans, der han erstatta gitaristen og vokalisten Ralph Ellis. Debuten hans med The Hollies kom i januar 1969 då han song på den britiske hitsingelen «Sorry Suzanne» og «He Ain't Heavy, He's My Brother», i tillegg til albuma Hollies Sing Dylan og Hollies Sing Hollies (begge i 1969), der Sylvester òg medverka med låtskriving. Den første songen han skreiv for gruppa var «Gloria Swansong».
Sylvester, Allan Clarke og Tony Hicks skreiv ein periode dei fleste songane til The Hollies. I 1974 gav Sylvester ut eit soloalbum kalla opp etter han sjølv. Sylvster slutta i The Hollies i mai 1981 etter ein krangel om den musikalske retninga til bandet. Dette førte òg til at bassisten Bernie Calvert slutta. Sidan den gong har han gjeve ut fleire soloalbum.
I 2010 vart Sylvester som medlem av The Hollies innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i lag med Graham Nash, Allan Clarke, Tony Hicks, Bobby Elliott, Bernie Calvert og Eric Haydock.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Terry Sylvester» frå , den 23. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad [ Terry Sylvester biography] at Allmusic
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Britiske softrockmusikarar Kategori:Musikarar frå Liverpool Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Hollies-medlemmar Kategori:Rytmegitaristar