Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker eller Gjenopptakingskommisjonen er ein norsk sjølvstendig statleg etat som undersøkjer og avgjer om ein straffedømt person skal få si sak behandla på nytt i retten. Domfelte personar med ein rettskraftig dom kan søkje kommisjonen om gjenopptaking. Kommisjonen gjer ei utgreiing av dei rettslege og faktiske sidene ved saka, og har mynde til å innkalle vitne til avhøyr, gje utleveringspålegg, halda munnlege høyringar og oppnemne sakkunnige. Han kan også fremja spørsmål til retten om personundersøking og bruk av tvangsmiddel. Føremålet med opprettinga var å avsløre justismord. Gjenopptakingskommisjonen vart oppretta ved revisjon av straffeprosesslovas kap. 27. Lovendringa tredde i kraft frå 1. januar 2004.
Kjelder
Kategori:Norske statlege kommisjonar Kategori:Norsk strafferett Kategori:Rettstryggleik Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:Norske statsetatar