«I'm Happy Just to Dance with You» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney og spelt inn av The Beatles for filmmusikken til A Hard Day's Night. George Harrison syng solovokal og i filmen er framføringa den første gongen ein kan sjå Harrison syngje ein av Beatles-songane.

Komposisjon Songen vart skriven spesifikt for at George Harrison skulle syngje han, sidan han mangla sjølvtillit til å skrive eigne songar. Fleire år seinare skildra McCartney songen som ein «formelbasert song», og Lennon sa «eg ville aldri ha sunge songen sjølv.»

Songen har ein hektisk Bo Diddley-aktig rytmegitar over Harrison sin rolege vokal, og dei nyttar ei uventa akkord sentralt i refrenget, ein forstørra H7 på «I'm happy just to dance with you». Songen er òg spesiell fordi han ikkje byrjar med eit vers eller refreng, men med dei siste fire taktane av mellomspelet.

Innspeling The Beatles spelte inn «I'm Happy Just to Dance with You» på ein sundag, den første gongen dei hadde nytta Abbey Road Studios på noko anna enn ein normal vekedag. United Artists gav ut songen på albumet A Hard Day's Night den 26. juni. Han vart òg med på albumet Something New, som kom ut på Capitol Records den 20. juli. Songen nådde 95. plassen på Billboard Top 100-lista den 1. august 1964.

Gruppa spelte ein versjon av songen på BBC-radioprogrammet From Us to You. Innspelinga fann stad den 17. juli 1964 i BBC Paris Studio i London, og vart først sendt 3. august det året.

Medverkande George Harrison – solovokal, sologitar John Lennon – korvokal, rytmegitar Paul McCartney – korvokal, bass Ringo Starr – trommer, afrikansk tromme George Martin – plateprodusent Norman Smith – lydteknikar Personell per Ian MacDonald

Andre versjonar The Cyrkle gav ut ein versjon av songen i 1967 på albumet deira, Neon.The Cyrkle, Neon Retrieved 10. januar 2016 Anne Murray spelte ein versjon av «I'm Happy Just to Dance with You» i 1980 på albumet hennar Somebody's Waiting. Denne versjonen vart òg gjeven ut på singel i midten av 1980-åra, og nådde 64. plassen på Billboard Hot 100 og 23. plassen på Billboard country-lista. Randy Bachman og Burton Cummings inkluderte ein versjon av songen i 2007 på albumet deira Jukebox. The Smithereens spelte inn ein versjo i 2008 på albumet deira, B-Sides The Beatles.

Salslister Liste (1964)PlasseringUS Billboard Hot 10095

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I'm Happy Just to Dance with You» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1964 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar om lukke Kategori:Songar om dansing Kategori:Anne Murray-songar Kategori:The Cyrkle-songar