«Chains» er ein song skriven av låtskrivarduoen og den gong ektefellane Gerry Goffin og Carole King og opphavleg spelt inn (men ikkje gjeven ut) av The Everly Brothers. I 1962 vart han ein stor hit for korsongarane til Little Eva, The Cookies (#17 poplista i USA, #7 R&B-lista), og seinare vart han spelt av den engelske rockegruppa The Beatles.

The Beatles-versjonen

Singelen av The Cookies vart ein populær coverlåt for Liverpool-band etter han kom ut i november 1962,Harry (2000), p. 250. og vart ei kort stund spelt på konsertane til The Beatles. Dei spelte han inn 11. februar 1963 på fire forsøk. Det førte viste eg å vere best, så dei brukte dette. Songen kom ut på debutplata deira, Please Please Me.Lewisohn (1988), p. 26. Lennon spelte introduksjonen på munnspel. Musikkskribenten Ian MacDonald kritiserte framføringa til The Beatles og meinte han «hadde nokre ureine tonar» og «mangla spontanitet». George Harrison song solovokal på Beatles-versjonen, og som fjerde songen på det første albumet deira, var det for mange første gongen dei høyrde Harrison syngje på ein song.

Dei spelte songen fleire gonger for radioprogramma til BBC, som Side by Side, Here We Go og Pop Go the Beatles. Ingen av desse kom ut på samleplata med BBC-innspelinga frå 1994. Dei kom til slutt ut i 2013 på samleplata On Air – Live at the BBC Volume 2).

Sylvie Vartan-versjonen

Songen vart omsett til fransk og kalla «Chance». Den franske versjonen vart spelt inn og gjeven ut i 1963 av Sylvie Vartan.

Innhald EP Sylvie («Chance» / «Il revient» / «Reponds-moi» / «Tous les gens») RCA Victor 76.617 (1963, France) A1. «Chance» («Chains») A2. «Il revient» («Say Mama») B1. «Reponds-moi» B2. «Tous les gens» («Baby You’re So Fine»)

Medverkande

Cookies-versjonen Earl-Jean – solovokal Margaret Ross – korvokal Dorothy Jones – korvokal Eva Boyd – korvokal

Beatles-versjonen George Harrison – solovokal, sologitar John Lennon – rytmegitar, munnspel, harmonivokal Paul McCartney – bass, harmonivokal Ringo Starr – trommer Lydteknikar var Norman Smith Per MacDonaldMacDonald (2005), p. 74.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chains av Cookies» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar med tekst av Gerry Goffin Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Sylvie Vartan-songar Kategori:Carole King-songar Kategori:Johnny Hallyday-songar