Wild Things! er det 23. studioalbumet til The Ventures. Det kom ut på Dolton Records den 17. september 1966 og var det fjerde albumet deira dette året. Eit 4-spors lydband vart så gjeve ut av albumet på Music Tapes, Inc. Album markerer ei tyngre retning enn dei tidlegare Ventures-albuma, og songen «Wild Child» vart sampla på «Start the Commotion» av The Wiseguys.

Bakgrunn Det vart spelt in kort tid etter ein turné i det sentrale USA sommaren 1966, og presenterte ein moderne stil på denne tida. Allmusic skriv at albumet har ein konstant «røff tone» på grunn av dei fuzzdrivne Mosrite-gitarane. Albumet opnar med The Troggs-songen «Wild Thing». Songen inneheld «vokal» av Don Wilson, som etterliknar Peter Lorre med ein komisk opplesing av teksten. Det neste sporet «Fuzzy and Wild», er den første av dei originale instrumentalane, som alle inneheld ordet «wild» i tittelen. «Wild and Wooly» var ikkje ein original Ventures-song, men vart opphavleg kalla «Murfreesboro» av låtskrivaren, Danny Hamilton.

Mottaking Wild Things! gjekk inn på Top Albums-lista i september 1966. Han vart verande på lista i 26 veker i alt, med ein 33. plass som høgaste plassering.The Billboard Albums, 6th edn. Joel Whitburn. 2006. Record Research Inc. p. 1101. . Allmusic er forholdsvis positive til albumet, men meiner det ikkje er like bra som tidlegare Ventures-album.

Innhald

Medverkande Ventures Don Wilson – rytme- og sologitar Nokie Edwards – sologitar Bob Bogle – bass, sologitar Mel Taylor – trommer

Teknisk Joe Saraceno – produsent Ami Hadani – lydteknikar Woody Woodward – kunstnarisk leiar Peter Whorf – fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wild Things!» frå , den 1. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:The Ventures-album Kategori:Dolton Records-album Kategori:Instrumentalalbum