Alwand eller Halwan (arabisk نهر حلوان), sørkurdisk چەم ئەڵوەن, farsi رود الوند) er ei elv aust i Irak og vest i Iran. Ho spring ut i Zagrosfjella i Iran.
Elva flyt vestover frå fjella til byen Qasr-e Shirin, der ho snur sør og kryssar grensa til Irak. Ho deler så byen Khanaqin i to. Ho har spelt ei viktig rolle i jordbruket og i opprettinga av eit sterkt samfunn på landsbygda i området. Ho vert av folket i Khanaqin rekna som eit symbol for samhald og kurdisk identitet.
Elva munnar ut i Diyala ved Zengabadh.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alwand» frå , den 1. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Irak Kategori:Elvar i Iran Kategori:Geografi i Kermanshah guvernement Kategori:Zagrosfjella