«Dedicated to the One I Love» er ein song skriven av Lowman Pauling og Ralph Bass som var ein hit for The "5" Royales, The Shirelles og The Mamas & the Papas. Pauling var gitarist for The "5" Royales, gruppa om spelte inn den originale versjonen av songen, produsert av Bass, i 1957. Versjonen deira kom ut på ny i 1961 og nådde 81. plassen på Billboard Hot 100.

The Shirelles-versjonen Ein versjon av den amerikanske jentegruppa The Shirelles nådde 83. plassen på den amerikanske hitlista i 1959. Denne versjonen kom ut på ny i 1961 og klatra då heilt til tredjeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på R&B-lista. Songen vart utgjeven på albumet deira Tonight's the Night i 1961.

The Mamas & The Papas-versjonen

Ein populær versjon vart spelt inn av The Mamas & the Papas og gjeven ut på Dunhill. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i 1967. Denne versjonen nådde òg andreplassen på UK Singles Chart. Hovudsongaren på denne versjonen var Michelle Phillips. Det var første gongen Phillips song solo på åein song og ikkje Cass Elliot. Songen kom ut på albumet The Mamas & The Papas Deliver i 1967.

Andre versjonar 1965: Johnny Preston gav ut ein versjon av songen ssom B-side til singelen hans «Running Bear '65». 1965: Reparata and The Delrons spelte inn songen på albumet deira Whenever a Teenager Cries. 1967: The Lettermen gav ut ein versjon av songen på albumet deira Spring! 1968: The O'Kaysions gav ut ein versjon av songen på debutalbumet deira, Girl Watcher og som B-ide til singelen deira, «Love Machine». 1972: The Temprees-versjonen åndde 17. plassen på R&B-lista i USA og 93. plassen på Billboard Hot 100. 1973: Ruben and the Jets gav han ut på albumet deira For Real! 1981: Bernadette Peters spelte inn ein versjon som nådde 65. plassen på Hot 100 i USA. 1994: Bitty McLean spelte in ein reggae-versjon av songen, som nådde sjetteplassen på UK Singles Chart. 1996: Linda Ronstadt gav ut songen som tittelsporet på albumet hennar Dedicated to the One I Love. 1998: Tanya Stephens spelte inn songen for albumet Ruff Rider. 2000: Holly Cole gav ut songen på albumet hennar Romantically Helpless. 2001: Rosie & the Originals spelte inn ein acappella versjon for albumet deira Angel Baby Revisited. 2007: Renée Geyer spelte inn ein versjon på albumet hennar Dedicated. 2013: Wilson Phillips inkluderte songen på albumet deira Dedicated.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dedicated to the One I Love» frå , den 22. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Songar skrivne av Lowman Pauling Kategori:Songar skrivne av Ralph Bass Kategori:The "5" Royales-songar Kategori:The Shirelles-songar Kategori:The Mamas & the Papas-songar Kategori:Johnny Preston-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:The O'Kaysions-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Wilson Phillips-songar Kategori:Scepter Records-singlar Kategori:Dunhill Records-singlar Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Songar produserte av Lou Adler