Ei jentegruppe (engelsk girl group) er ei musikalsk gruppe som består av fleire kvinnelege songarar som generelt syng i lag i harmoni. Omgrepet «jentegruppe» vert i snevrare forstand nytta om ei bølgje av amerikanske kvinnelege popgrupper, mange påverka av doo-wop, som oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra då den første rock and roll-bølgja var på hell og før den britiske bølgja byrja.
Band der alle medlemmane er kvinner og spelar alle instrumenta sjølv vert vanlegvis rekna som noko anna, og vert stundom omtalt som «jenteband».
Etter kvart som musikk- og radioindustrien oppstod, oppstod ei rekkje jentegrupper, som Andrews Sisters. Seint i 1950-åra dukka ei rekkje kvinnelege vokalgrupper opp og i alt var det 750 jentegrupper som gav ut songar som nådde salslistene i USA og Storbritannia mellom 1960 og 1966. The Supremes aleine fekk 12 singlar på toppen av Billboard Hot 100 på sitt mest populære og gjennom heile den britiske bølgja var dei nesten like populære som The Beatles. I seinare tider har jentegruppe-malen blitt nytta innan disco, moderne R&B og country, i tillegg til innan pop. Ein meir globalisert musikkindustri førte til at danseprega popmusikk vart ekstremt populært. Denne bølgja, leia av USA, Storbritannia, Sør-Korea og Japan, har skapt særs populære grupper og åtte grupper som debuterte etter 1990 har seld meir enn 15 millionar fysiske album kvar. Sidan seint i 2000-åra har òg Sør-Korea blitt særs populære og åtte av dei ti mest nedlasta jentegruppene verda over kjem derfrå.
Bestseljande jentegrupper
Artist Nasjonalitet Tal på medlemmar Aktiv periode Sjanger Studioalbum Påstått sal Spice Girls Storbritannia 5 → 4 → 5 1994–2000, 2007–2008 (8 år) Pop 3 85 millionar The Andrews Sisters USA 3 1925–1952, 1954–1967 (38 år) 12 75 millionar TLC USA 3 → 2 Sidan 1991 5 70 millionar Destiny's Child USA 4 → 3 1997–2006 (9 år) R&B 5 60 millionar Pussycat Dolls USA 6 → 5 2003–2010 (7 år) 2 54 millionar AKB48 Japan Rotasjonsbasert Sidan 2005 J-pop 8 51 millionar Bananarama Storbritannia 3 → 2 → 3 Sidan 1979 Pop 10 40 millionar The Pointer Sisters USA 2 → 3 → 4 → 3 → 4 Sidan 1969 16 40 millionar Little Mix Storbritannia 4 Sidan 2011 4 39 millionar t.A.T.u. Russland 2 2000–2014 (14 år) Pop 3 25 millionar The Supremes USA 3 1959–1977 (18 år) Pop 29 20+ millionar
Merknad: Det nøyaktige salstalet til The Supremes er ukjend. Estimata varierer frå 20 millionar til opp mot 100 millionar plater.
Sjå òg Gutegrupper
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Girl group» frå , den 21. februar 2018.
Bakgrunnsstoff 2007 Smithsonian piece of historical influence of American Girl Groups Fan-made site devoted to the breadth of mid-century American Girl Groups
Kategori:Musikkgrupper