«Pony Time» er ein song skriven av Don Covay ogo John Berry (eit medlem av den tidlegare vokalgruppa til Covay, The Rainbows), og opphavleg spelt inn i 1960 av Covay og truppa hans The Goodtimers. Songen fekk større suksess då han vart spelt inn av Chubby Checker året etter Dette vart den andre songen hans som gjekk til topps på poplista i USA (etter «The Twist» i 1960). Chubby Checker si innspeling av «Pony Time» gjekk òg til topps på R&B-lista.
Songen introduserte ein ny dansestil, The Pony, der dansaren ser ut som han eller ho rid på ein hest. Songen er med i filmen «Hairspray». Ein referanse til den nye dansesstilen er nemnt i songen «Back to the Hop» (1961) av Danny and the Juniors.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pony Time» frå , den 20. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Chubby Checker-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Songar skrivne av Don Covay Kategori:Cameo-Parkway Records-singlar Kategori:Songar frå 1961