mini|Bruk av leppestift.
Leppestift (også kalla lebestift) er eit sminkeprodukt som ein bruker til å farga leppene med. Det er som regel ei fargestift som inneheld pigment, olje, voks og blautgjerande middel. Ein kan også måla farge på leppene, men slike produkt blir i dag gjerne kalla lipgloss.
Historie I det gamle Sumer og Assyria, for rundt 5000 år sidan, brukte menn og kvinner å farga leppene raude. Dei knuste farga steinar til pulver og kunne blanda dei med kvitt bly. Folk kunne gravleggjast med leppefargane sine lagra i haldarar av skjel. Det er også funne leppefarge frå Induskulturen, for rundt 4000 til 3000 år sidan.Yona Williams. Ancient Indus Valley: Food, Clothing & Transportation. I det gamle Egypt brukte menn og kvinner fargestoff som oker som kunne vera blanda med kvae og parfyme til å farga leppene raude, oransje, sterkt rosa eller blåsvarte. Oker er også blitt brukt av aboriginarjenter i Australia til å farga leppene raude i samband med overgangsrituale.
Under den islamske gullalderen fann kosmetikaren Abu al-Qasim al-Zahrawi (Abulcasis) frå Al-Andalus opp den faste leppestiften. Denne var laga i former og parfymert, og blei skildra i verket hans Al-Tasrif. Kinesarar laga tidlege leppestifter av bivoks for over tusen år sidan. Under Tang-dynastiet (618-907) blei desse laga med velduftande oljer.
På 1500-talet blei det vanlegare å farga leppene i England, med ei blanding av bivoks eller gummi arabicum og raudfargar frå plantar eller Cochenillelus-insekt. Dronning Elisabet I gjorde at sterkt raude lepper mot eit kvitfarga fjes kom på moten.Elizabethan Makeup, elizabethancostume.net Det var likevel berre kvinner frå overklassen og mannlege skodespelarar som brukte sminke. På 1600-talet blei leppefarging forkasta av kyrkja for å forandra Guds skaparverk, og i 1770 vedtok det parlamentet ein lov som knytte skikken til hekseri. Lenge blei lepper berre farga av skodepelarar på scena. Ved slutten av 1800-talet byrja den kjende skodespelaren Sarah Bernhardt å bruka leppestift og rouge også offentleg.
Ved slutten av 1800-talet byrja det franske kosmetikkselskapet Guerlain å laga leppestift. Den første kommersielle leppestiften blei funnen opp i Paris i 1884. Han var laga av bivoks, hjortetalg og lakserolje og dekt av silkepapir. Rundt 1915 byrja ein å selja leppestifter som kunne pressast opp i metallhaldarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lipstick» frå , den 19. februar 2018.
Kategori:Sminke Kategori:Munnen