Svetlana Valerjevna Bazjanova () er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Tsjeljabinsk som under vinter-OL 1994 vart olympisk meister på 3 000 meter.Svetlana Bazhanova, olympedia.org
Bazjanova deltok i dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville og vart nummer seks på 1500 m og sju på både 3 000 m og 5 000 m. Året etter tok ho tredjeplassen ved europameisterskapen i Heerenveen. I januar 1994 sikra ho seg andreplassen då EM fann stad i Vikingskipet på Hamar, nesten tre tidspoeng bak suverene Gunda Kleemann frå Tyskland. Ein månad seinare overraska ho med å vinne gullmedaljen på 3 000 m under OL 1994 på den same arenaen, 0,7 sekund føre Emese Hunyady og med Claudia Pechstein på bronseplassen.
Framom til 2000 høyrde Bazjanova med i verdstoppen på dei lengre distansane og i firkamp, utan at ho makta kapre fleire medaljar enn ein bronse då EM 1998 vart avvikla i Helsinki. Ho la opp i 2003.
Svetlana Bazjanova gifta seg med skeiseløparen Vadim Sajutin i 1994.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Svetlana Bazjanova» frå , den 19. februar 2018.
Kategori:Russiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1998