Oryza rufipogon er ein villrisart i risslekta Oryza. Han er nært i slekt med vanleg dyrka ris, Oryza sativa, og er truleg opphavet til den domestiserte arten. Planten veks naturleg i tropisk Asia og Australia. Han føretrekk våte, grunne område som dammar, grøfter og rismarker med stilleståande eller seintrennane vatn.

Ugras og invasiv art Oryza rufipogon veks gjerne saman med dyrka ris på rismarker, og er rekna som eit ugras. I delar av USA er han rekna som ein invasiv art. I følgje North American Plant Protection Association er det vanskeleg å skilja ut O. rufipogon frå dyrka O. sativa. Planten konkurrerer om plassen og næringa med den dyrka risen. O. rufipogon mister dei fleste frøa sine før hausting, og bidreg dermed ikkje til avlinga. Dersom korna likevel blir del av avlinga blir dei sett på som uetande, farga partiklar i den elless kvite risen.

På den andre sida har O. rufipogon arvemateriale som er rekna som verdifullt innan genetikk. Villris frå våtmarksområdet Pallikaranai i India er blitt omtalt av Sálim Ali Centre for Ornithology and Natural History (SACON) som viktkige levande genetiske ressursar.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Oryza rufipogon» frå , den 17. februar 2018. Bakgrunnsstoff

Rufipogon Kategori:Plantar i Australia Kategori:Plantar i Bangladesh Kategori:Plantar i Kambodsja Kategori:Plantar i Kina Kategori:Plantar i Colombia Kategori:Plantar i Ecuador Kategori:Plantar i Guyana Kategori:Plantar i India Kategori:Plantar i Indonesia Kategori:Plantar i Laos Kategori:Plantar i Malaysia Kategori:Plantar i Myanmar Kategori:Plantar på Papua New Guinea Kategori:Plantar på Filippinane Kategori:Plantar på Sri Lanka Kategori:Plantar i Thailand Kategori:Plantar i Taiwan Kategori:Plantar i USA Kategori:Plantar i Vietnam