Johan Berg () var ein norsk offiser som frå 1. november 1966 vart etterretningssjef i Noreg etter Vilhelm Evang. Han hadde ei variert militær karriere før dette.
Biografi Johan Berg vart offiser i 1939 og deltok i felttoget i Noreg i 1940. Han kom deretter til Canada. Seinare vart han send til Storbritannia, og i 1943 kom han til Island. I 1944 var han hovudinstruktør ved dei norske stridskursa i polititroppane i Sverige. Etter andre verdskrigen vart han stabssjef i Tysklandsbrigaden. Han tok både Den Svenska Kungliga Krigshögskolan og Forsvarets høgskule. Frå 1957 til 1966 var han redaktør av Norsk Militært Tidsskrift. Han var sjef for DANOR frå 1957.
I 1959 vart han sjef for Brigaden i Sør-Norge, og året etter vart han utnemnd til oberst og sjef for Troms Landforsvar. I 1964 vart han sjef for forsyningsstaben i Forsvarsstaben. Stillinga som sjef for etterretningstenesta hadde han frå 1966 til 1970. Han vart seinare generalmajor og sjef for Distriktskommando Vestlandet, deretter sjef for landstridskreftane i Sør-Norge, før han avslutta sin karriere som direktør for Forsvarets høgskole.
Kjelder
Hvem Hva Hvor 1967 side 69.
Denne artikkelen bygger på «Johan Berg» frå , den 7. mars 2018.
Kategori:Norsk militært personell under andre verdskrigen Kategori:Norsk etterretning Kategori:Norske generalmajorar Kategori:Folk frå Stange