Herbert «Herb» Reed () var ein USA-amerikansk musikar, vokalist og med på å starte bandet The Platters, som hadde stor suksess i 1950- og 1960-åra. Reed, som var det siste overlevande, originale medlemmet av gruppa, har fått æra for å ha kome på namnet på gruppa. Reed kom på namnet etter at ein radiopratar i 1950-åra kalla platene deira «platters».
Reed voks opp i fattigdom i Kansas City i Missouri, og flytta til Los Angeles då han var 15 år gammal. Han flytta til Boston-området i 1970-åra, etter suksessen med The Platters. Han var det einaste medlemmet i The Platters som song på alle dei kring 400 songane bandet spelte inn. Ein kan høyre vokalen hans på dei største hittane til The Platters, som «Smoke Gets in Your Eyes», «The Great Pretender», «Twilight Time» og «My Prayer».
Som det siste originale medlemmet i The Platters, kjempa Reed ein lang rettskamp om rettane til namnet The Platters, ein kamp han til slutt vann.
Reed turnerte gjennom heile karrieren, og han framførte så mykje som 200 konsertar i året fram til 2012, då han måtte stoppe på grunn av helsa. Han døydde av komplikasjonar frå fleire sjukdommar, mellom anna svakt hjarte, på ein pleieheim i Boston den 4. juni 2012, 83 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herb Reed» frå , den 14. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Musikarar frå Kansas City Kategori:The Platters-medlemmar Kategori:Songarar frå Missouri Kategori:Rock and Roll Hall of Fame