mini|Maren Lundby i 2017 Maren Olstad Lundby () er ein norsk skihoppar frå Bøverbru i Vestre Toten som vart olympisk meister i normalbakkerennet under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Ho er medlem i Kolbukameratene.

Aktiv Lundby tok bronsen under Noregsmeisterskapen på ski 2009, bak Anette Sagen og Line Jahr. 14 år gammal fekk ho dermed plass i den norske troppa ski-verdsmesterskapen i Liberec, der skihopping for kvinner stod på VM-programmet for fyrste gang. Med startnummer 1 vart ho historisk, ho enda elles på 22. plass etter hopp på 73,5 m og 59,5 m. Under Ski-VM 2011 i Oslo kom ho på 11. plass og vart nest best av dei norske utøvarane. Same sesongen vart ho norsk meister i normalbakken. Ho deltok utan suksess i Ski-VM 2013.

OL-sesongen 2014 tok Lundby steget opp mot verdseliten i skihopping for kvinner. Ho vart nummer åtte under vinterleikane i Sotsji og kunne 1. mars 2014 klive opp på sigerspallen etter eit verdscuprenn då ho vart andrekvinne i rumenske Râșnov. Året etter deltok ho på det norske mikslaget som vann VM-sølv under Ski-VM 2015 i Falun, like bak Tyskland.

Lundby gjekk til topps i verdscupen i skihopping fyrste gongen i Nizjnij Tagil i Russland den 10. desember 2016. Der etter tok ho i januar 2017 verdscupsiger nummer to og tre i høvesvis Sapporo og Râșnov. Den 11. februar stod ho øvst på sigerspallen etter verdscuprennet i Ljubno i Slovenia. Med så solid hopping var ho ein av dei største gullkandidatane i hoppbakken under Ski-VM 2017 i Lahti. Ho leia etter den fyrste omgangen, eit svakt andrehopp gjorde at ho enda på fjerdeplassen.

Vinteren 2018 låg Lundby heile vegen i verdstoppen av kvinneleg skihopping. Gjennom desember 2017 og januar 2018 vann ho sju renn i verdscupen og var den største favoritten før Vinter-OL i Pyeongchang. Her innfridde ho og vann ein klar siger, 12 poeng over Katharina Althaus frå Tyskland.

Prisar og heider 2020 - Årets forbilde på Idrettsgallaen 2021 - Holmenkollmedaljen. 2022 - Årets namn på Idrettsgallaen 2022 - Årets Peer Gynt. (Frammstemnd av Stortingsrepresentantane i Noreg.) 2022 - Fredrikkeprisen 2022 - LOs likestillingspris

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maren Lundby» frå , den 13. februar 2018.

Denne artikkelen bygger på «Maren Lundby» frå , den 13. februar 2018.

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2023 Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Vestre Toten