«Rave On» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty i 1958. Han vart først spelt inn av West for Atlantic Records, som gav ut sin versjon i februar 1958. Buddy Holly spelte inn songen seinare det same året, og hans versjon vart ein hit. Det er ein av dei seks innspelingane hans som gjekk inn på salslista i 1958.
Bakgrunn Dei fleste av Holly sine innspelingar var produserte av Norman Petty, som òg var manager for Holly, og dei spelte inn musikken i studioet til Petty i Clovis i New Mexico. «Rave On» vart derimot produsert av Milton DeLugg og spelt inn i New York City. Tittelen var inspirert av Sun Records-innspelinga «Dixie Fried» av Carl Perkins frå 1956, der «rave on» vert nytta i refrenget. B-sida til Holly-singelen var «Take Your Time».
Holly si utgåve av «Rave On» er rangert på 155. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Innhald
Første utgåve «Rave On» «Take Your Time»
Tysk utgåve Som Buddy Holly and the Crickets «Rave On» «Ready Teddy»
EP (britisk) «Rave On» «Take Your Time» «Early in the Morning» «Now We're One»
Andre versjonar Coverversjonar av «Rave On» har blitt spelt av Bruce Springsteen and The E Street Band, Commander Cody, Status Quo, M. Ward og folkrockbandet Steeleye Span. Han vart ein hit for The Delta Cross Band i Danmark i 1980.
Joe Meek produserte ein versjon med songaren Michael Cox, som kom ut i 1964. John Mellencamp spelte inn ein versjon av songen for filmen Cocktail i 1988. The Real Kids spelte inn ein versjon i 1977. Nitty Gritty Dirt Band spelte inn ein versjon i 1970 for albumet Uncle Charlie & His Dog Teddy. Steeleye Span spelte inn ein versjon som etterlikna Buddy Holly i 1971 på albumet Please to See the King. M. Ward spelte ein versjon av songen i 2009 for albumet Hold Time. Denny Laine, gitaristen for banda Wings og Moody Blues, spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet hans til Holly i 1977, Holly Days, som var produsert av Paul McCartney. Marshall Crenshaw framførte songen på konsertar og eit konsertopptak kom ut på konsertalbumet hans Marshall Crenshaw. Julian Casablancas spelte inn ein versjon av songen for hyllestalbumet Rave On Buddy Holly i 2011. Cliff Richard spelte inn ein versjon av songen i 2013 for albumet The Fabulous Rock 'n' Roll Songbook. Terry Manning spelte ofte songen på konsertane sine og eit konsertopptak kom ut på ei seinare utgjeving.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rave On» frå , den 10. februar 2018. oppgav desse kjeldene: Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. . Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. . Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. . Gerron, Peggy Sue (2008). Whatever Happened to Peggy Sue? Togi Entertainment. . Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press. . Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. . Gribbin, John (2009). Not Fade Away: The Life and Music of Buddy Holly. London: Icon Books.
Kategori:Rockabilly-songar Kategori:Buddy Holly-songar Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Songar produserte av Joe Meek Kategori:Songar skrivne av Norman Petty Kategori:Songar skrivne av Sonny West Kategori:Coral Records-singlar 155 Kategori:Waylon Jennings-songar Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-songar Kategori:Steeleye Span-songar Kategori:Showaddywaddy-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:Rick Nelson-songar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:John Cougar Mellencamp-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Billy Swan-songar Kategori:Bobby Vee-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Cliff Richard-songar