Rosbalt (russisk Росбалт) er eit russisk føderalt informasjons- og analysebyrå med hovudkontor i Moskva og St. Petersburg med representantar i einskilde russiske byar og i det nære utland. Det vart grunnlagt i 2001. Byrået skal ha spesiell innsikt i kva som hender i offisielle russiske tryggingstenester i Moskva, noko som synte seg då det i januar 2018 rapporterte i Frode Berg-saka.

Historie I oktober 2013 avgjorde byretten i Moskva at sertifiseringa for å drive med massemedia var ugyldig fordi dei hadde lagt ut ein videosnutt på Youtube med bannskap. Denne avgjerda vart oppheva 19. mars 2014. Rosbalt har eit visst band til russiske tryggingsbyrå i Moskva, og leiaren er gift med ein tidlegare KGB-agent, Viktor Tsjerkessov.http://www.spiegel.de/international/world/russian-rosbalt-news-agency-shut-because-of-swear-words-a-931288.html

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Росбалт» frå , den 6. februar 2018.

Bakgrunnsstoff

rusnations.ru sta-net.ru

Kategori:Informasjonsbyrå i Russland Kategori:Skipingar i 2001