The "Chirping" Crickets er debutalbumet til det amerikanske rock and roll-bandet The Crickets, leia av Buddy Holly, og det einaste Crickets-albumet som kom ut medan Holly levde.
Albumet kom ut i USA i 1957 og i Storbritannia i 1958. Det vart gjeve ut på ny av Coral i 1962 som Buddy Holly and The Crickets. Etter å ha vore ute av opplag i mange år vart det gjeve ut på ny med nymastra lyd på CD i 2004. Det vart då òg inkludert bonusspor.
Albumet inneheld hitsingelen «That'll Be the Day», som gjekk til topps på salslistene, og ein annan hit, «Oh, Boy!»
I 2003 vart albumet rangert på 421. plassen, og i 2012 på 420. plassen, på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Andre Crickets-klassikarar er «Not Fade Away», «Maybe Baby», og «I'm Looking for Someone to Love». Resten av dei tolv songane vert i følgje kritikarar ikkje rekna for å ha like høg standard, men at det er vanskeleg å måle seg mot desse fem som stundom vert trekt fram som nokre av dei bete rock and roll-songane nokon gong. Albumet er dermed eit av dei viktigaste debutalbuma i rock and roll-historia, på linje med Elvis Presley og Meet the Beatles.
Innhald
Medverkande Buddy Holly and The Crickets Buddy Holly – synging, sologitar, akustisk gitar på 5, korvokal på 2 Jerry Allison – trommer, perkusjon og korvokal på 2 Joe B. Mauldin – kontrabass, utanom på 7 og 8 Niki Sullivan – rytmegitar, utanom på 1, 2, 5, 7, 8 og 11, korvokal på 2, 7 og 8
Andre medverkande Larry Welborn – kontrabass på 7 og 8 The Picks (Bill Pickering, John Pickering og Bob Lapham) - korvokal, utanom på 2, 7 og 8 Ramona og Gary Tollett – korvokal på 7 og 8
Salslister
Album År Liste Plassering1968UK Albums Chart5
Singlar År Singel Plassering Billboard Hot 100 R&B Singles UK Singles Chart1957«That'll Be the Day»1211958«Oh Boy»10133
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The "Chirping" Crickets» frå , den 4. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Buddy Holly-album Kategori:Debutalbum frå 1957 Kategori:Musikkalbum produserte av Norman Petty Kategori:Coral Records-album Kategori:Brunswick Records-album Kategori:The Crickets-album 420