Sluzjba vnesjnej razvedki (SVR, russisk Служба внешней разведки, 'Utanriksetterretningstenesta') er namnet til den primære eksterne etterretningsorganisasjonen til Russland.

SVR utvikla seg etter at KGB vart reorganisert etter at Sovjetunionen braut saman. I oktober 1991 overtok Tsentralnaja Sluzjba Razvedki (TsSR, 'sentral etterretningsteneste') etterretningsinnhentinga og analysen som før hadde sortert under det første hovuddirektoratet til KGB. I desember same året vart den tidlegare sjefen for dette direktoratet, Jevgenij Primakov, utnemnd til leiar for organisasjonen, som samstundes fekk det nye namnet SVR. SVR vart offisielt oppretta den 18. desember 1991.

Samansetjing Sjefen for SVR Sjefens kanseli Konsultgruppe Kollegium Første NK Statssekretær Presse og mediebyrå NK personell NK med ansvar for vitskapleg og teknisk etterretning NK med ansvar for materiel-teknisk støtte NK for etterretningsoperasjoner Operasjonsleiing Operativ avdeling Avdeling for operativ støtte Informatikkavdeling Høgskulen i SVR Analyse- og informasjonsavdeling Avdeling for framande tryggingstenestar Avdeling for økonomisk etterretning

Personell Personellet er ikkje ein del av dei væpna styrkene, men er likevel militært oppsette med militære grader og sivile tenesteklasser.Форма одежды военнослужащих Службы внешней разведки Российской Федерации 2104-10-30.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «SVR» frå , den 28. januar 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1991 Kategori:Etterretningstenester Kategori:Sovjetunionen