Would You Take Another Chance on Me? er eit album av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1971. Dette var det fjerde albumet Lewis gav ut på Mercury dette året, og inneheld eit radikalt arrangement av Kris Kristofferson-klassikaren «Me and Bobby McGee» med eit strykeorkester. I tillegg til Kristofferson, vende Lewis stadig attende til Merle Haggard, denne gongen med songen «Swinging Doors».
Tittelsporet på albumet vart den andre countryhitten til Lewis i 1971, og «Me and Bobby McGee» nådde så vidt Topp 40 på poplista, den første gongen for Lewis sidan 1961. Sjølve albumet klatra heilt til tredjeplassen på countrylista til Billboard.
Innhald
Medverkande Jerry Lee Lewis - vokal, piano Chip Young, Harold Bradley, Jerry Kennedy, Ray Edenton - gitar Pete Drake - steelgitar Kenny Lovelace - fele Bob Moore - bass Bill Strom - organ Buddy Harman - trommer The Nashville Edition - vokalakkompagnement; Cam Mullins - arrangement på «Would You Take Another Chance on Me», «Me and Bobby McGee» og «For the Good Times» The Nashville Sounds - vokalakkompagnement
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Would You Take Another Chance on Me?» frå , den 27. januar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Mercury Records-album