Kamila Shamsie () er ein prisløna pakistansk-britisk forfattar.

Bakgrunn Shamsie er fødd i Karachi. Mor hennar er journalisten og redaktøren Muneeza Shamsie.Profile: Kamila Shamsie, DAWN, 6 april 2014 Bestemora henner var begum Jahanara Habibullah, med band til fyrstefamilien i Rampur. Ho er også grandniese av forfattaren Attia Hosain og fører sjølv den litterære tradisjonen i familien tilbake til oldemora Inam Habibullah, som skreiv eit memoar på urdu.

Shamsie gjekk på Karachi Grammar School. Deretter tok ho ein BA-grad i Creative Writing ved Hamilton College i New York og ein mastergrad ved MFA Program for Poets & Writers ved University of Massachusetts Amherst. I 2007 flytta ho til London, og har no dobbelt statsborgarskap i Storbritannia og Pakistan.

Forfattarskap Ho debuterte i 1998 med romamen In the City by the Sea, som ho skreiv medan ho gjekk på college, og har sidan gjeve ut fleire romanar.A writer's life: Kamila Shamsie, The Telegraph, 10. april 2005 Shamsie har også skrive for avisa The Guardian.Kamila Shamsie, The Guardian I 2009 gav ho ut ei sakprosabok, Offence : the Muslim case.

Shamsie wrote her first novel, In The City by the Sea, while still in college, and it was published in 1998 when she was 25. Boka var finalist til den britiske John Llewellyn Rhys-prisen. Etter sin andre roman Salt and Saffron frå 2000 blei ho vald ut som ein av Orange sine «21 Writers of the 21st century». I 2013 blei ho teken med på Granta si liste over dei 20 beste unge britiske forfattarane.Best of Young British Novelists 4, Granta 123.

Alle dei fire første romanane hennar har handling frå Karachi; seinare romanar har eit breiare geografisk spenn som omfattar Japan og Storbritannia. Også den tredje romanen hennar, Kartography, var finalist til John Llewellyn Rhys-prisen. Den femte romanen hennar Burnt Shadows var finalist for Orange Prize for Fiction og vann ein Anisfield-Wolf Book Award.http://www.anisfield-wolf.org/books/burnt-shadows/?sortby=year A God in Every Stone var finalist for Walter Scott-prisen i 2015 og til Baileys Women's Prize For Fiction. Den sjuande romanen hennar Home Fire var nominert til Bookerprisen 2017.

Ho er medlem av Royal Society of Literature.

Bibliografi 1998: In the City by the Sea, () 2000: Salt and Saffron, () 2002: Kartography, () 2005: Broken Verses, () 2009: Offence : the Muslim case () 2009: Burnt Shadows, (), norsk omsetjing Brente skygger (2010) av Linn Øverås 2014: A God in Every Stone, () 2017: Home Fire

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kamila Shamsie» frå , og «Kamila Shamsie» frå den 18. januar 2018.

Kategori:Pakistanske forfattarar Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Karachi