Christa Luding-Rothenburger, fødd Christa Rothenburger, () er ein tysk tidlegare idrettsutøvar frå Weißwasser i delstaten Sachsen som representerte Aust-Tyskland i skeisesport og sykkelsport. I tida 1984-88 vann ho to olympiske gullmedaljar på skeiser og like mange VM-titlar på skeisebana, så vel som eitt VM-gull i sykkelsprint.

mini|venstre

Rothenburger vart nummer tre i sprint-VM på skeiser både i 1979 og 1983. Under dei olympiske vinterleikane i Sarajevo vart ho olympisk meister på 500 meter. Sesongen etter vart ho verdsmeister då sprint-VM fann stad i Heerenveen. Vinteren 1986 enda ho på andreplassen ved sprint-VM på skeiser i japanske Kariuzawa, før ho eit halvt år seinare vart verdsmeister i sykkelsprint i Colorado Springs i USA. Året etter, i 1987, deltok ho i dei same to idrettane i respektive verdsmeisterskap, måtte då eitt steg ned på sigerspallane til bronse på skeisebana og til sølv på sykkelarenaen.

OL-året 1988 vann Luding-Rothenburger sprint-VM på skeiser, før ho røska med seg gullmedaljen på 1000 meter og sølvmedaljen på 500 m under Vinter-OL i Calgary. Sju månader seinare vann ho sølv i sykkelsprint ved Sommar-OL 1988 i Seoul. Etter sølvmedalje i sprint-VM 1989 på skeiser, kom ho tilbake i 1992-sesongen og tok bronseplassen både på 500 m under vinterleikane 1992 i Albertville og ved sprint-VM 1992 på Valle-Hovin stadion i Oslo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christa Luding-Rothenburger» frå , den 9. januar 2018.

Kategori:Tyske skeiseløparar Kategori:Tyske syklistar Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar i både vinter-OL og sommar-OL Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Syklistar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992