Lidija Pavlovna Skoblikova () er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Zlatoust som representerte Sovjetunionen. Ho vann i tida 1960-64 seks olympiske gullmedaljar og vart verdsmeister to gongar.

Skoblikova vann dei to lengste distansane, 1500 meter og 3000 m, under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Etter å ha vorte nummer tre i skeise-VM tre år på rad, 1959-61, kleiv ho opp på andreplass då VM 1962 fann stad i Imatra, slått einast av landskvinna Inga Voronina. Året etter var rollene omsnudd og Skoblikova viste seg som verdas suverent beste kvinnelege skeiseløpar i både 1963 og 1964, med VM-gull begge sesongane. Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vann ho samtlege fire distansar i skeisetevlingane for kvinnene.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lidija Pawlowna Skoblikowa» frå , den 7. januar 2018.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Russiske skeiseløparar