Dictyostelium discoideum er ein sosial amøbe som lever i jorda, der han et bakteriar og gjærsoppar gjennom fagocytose. Han har vore nytta som ein modellorganisme sidan 1960-åra.

D. discoideum har ei usamanhengande utbreiing. Amøben finst i Amerika, Japan, India–Pakistan og Nepal, men ikkje i Europa.

Når individ av D. discoideum svelt går dei saman og dannar fruktlekamar sette saman av opp til individ. Dei finn saman gjennom utslepp av cAMP og kjemotaksis. D. discoideum har G-protein-kopla reseptorar i sellemembranen som gjer at dei kan føla cAMP-gradienten og gå mot høgre cAMP-konsentrasjon. Tidleg i danninga av fruktlekamen vil individa differensiera seg til to hovudtypar av seller.

D. discoideum fekk genomet sitt ferdig sekvensert i 2005. Det har ein storleik på kring 34 megabasepar fordelte på seks kromosom, og er rekna å ha over 13 000 sekvensar som kodar for protein. Mitokondria har eit genom på kring 55 kilobasepar.

Kjelder

Kategori:Amoebozoa Kategori:Modellorganismar