Shigella er ei slekt av fire gram-negative bakteriar i familien Enterobacteriaceae. Artane i slekta spelar ei større role i diarésjukdomar verda over og kan valda shigellose. Dei sjukdomsvaldande eigenskapane til Shigella-bakteriane kjem frå eit større virulensplasmid med ein storleik på opp til 220 kilobasepar.

Artar av Shigella nyttar retta polymerisering av aktin til å røra seg inne i cytoplasma til seller. Til dette føremålet rekrutterer dei proteina N-WASP og ARP2/3-komplekset frå vertssella ved hjelp av IcsA-proteinet.

Artane S. flexneri og S. sonnei står for dei fleste av tilfella av shigellose. Globalt står S. boydii og S. dysenteriae kvar berre bak av shigellose-tilfella.

Kjelder

Kategori:Enterobacteriaceae