Thorvald Olsen () var ein norsk jurist og embetsmann frå Bergen, stortingsmann 1851 og 1877-79. Andreas Olsen var far hans og Rolf Olsen ein eldre bror.

Thorvald Olsen vart student frå Skien skule i 1838 og var ferdig utdanna cand.jur. i 1843. Der etter var han fullmektig hos byfuten i Larvik i fire år og sidan på Bratsberg amtskontor i Porsgrunn i seks år. Frå 1853 til 1873 var han underrettssakførar i Larvik. I 1873 fekk han stillinga som sorenskrivar og byfut i Flekkefjord. Frå 1880 var han sorenskrivar i Nes i Akershus, døydde på sorenskrivargarden i Ullensaker allereie to år etter han kom dit.

Olsen var Porsgrunn by sin representant på Stortinget i 1851 og kjøpstaden Flekkefjord sin representant perioden 1877-79. I 1851 var han sekretær i Lagtinget og medlem i Justiskomite nr 1 og i Lovkomiteen, medan han 1877-79 var medlem i Lagtinget og i Budsjettkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Norske sorenskrivarar