Osvaldo Ardiles () er ein argentinsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Córdoba i Argentina. Han vart verdsmeister med Argentina i 1978. Ardiles vert hugsa som ein framifrå midtbanespelar med eit særeige blikk for spelet og ein sikker pasningsfot.

Spelar Klubbspel Ardiles spelte frå 1972 til -74 på IAC Córdoba, eit lag i heimbyen. Etter eit år med CA Belgrano gjekk turen i 1975 til CA Huracán. Etter fotball-VM i 1978 vart Ardiles og landsmannen Ricardo Villa overført til engelske Tottenham Hotspur, som same året hadde rykt opp i 1. divisjon. Dei komande sesongane hadde London-laget nokre av dei beste midtbanespelarane i engelsk fotball, med Ardiles og Glenn Hoddle i særklasse. Med Tottenham Hotspur var Ardiles med om å vinne FA-cupen 1981 og 1982. Falklandskrigen førte til at Tottenham haustsesongen 1982 lånte argentinaren Ardiles ut til Paris Saint-Germain. Frå januar 1983 var han i tilbake i Tottenham og på plass då laget vann UEFA-cupen 1984 gjennom finalesiger over belgiske RSC Anderlecht. Ardiles spelte 311 kampar og skåra 25 mål for Tottenham. Åra frå mars 1988 til han la opp våren 1991, gjorde Ardiles etter tur teneste i Blackburn Rovers, Queens Park Rangers, Fort Lauderdale Strikers og Swindon Town.

Landslagsspel Ardiles imponerte stort under VM i fotball 1978. Med briljant pasningsspel var han ein av dei fremste bak arrangørlandets triumf i meisterskapen på heimebaner. Saman med karar som Mario Kempes og kapteinen Daniel Passarella bidrog han mykje til at Argentina vann over Nederland med 3–1 i finalen i Buenos Aires. Korkje Ardiles eller Argentina lukkast sette sitt preg på VM i fotball 1982 i Spania, trass i at også Diego Maradona var komen med i laget. Ardiles spelte 63 landskampar for Argentina og skåra 8 mål.

Merittar Verdsmeister: 1978 for Argentina Vinnar av UEFA-cupen: 1984 med Tottenham Hotspur Vinnar av FA-cupen: 1981 og 1982 med Tottenham Hotspur Finalist i den engelske ligacupen: 1982 med Tottenham Hotspur Finalist i FA-cupen: 1987 med Tottenham Hotspur Tredjeplass i den engelske ligaen: 1987 med Tottenham Hotspur

Trenar Etter han la opp som aktiv i 1991 var Ardiles sjefstrenar i ei rekke av lag i England, Argentina og [Japan]]. Størst suksess hadde han med Shimizu S-Pulse som i 1996 vann den japanske ligacupen og med Tokyo Verdy som vart japansk cupmeister i 2004.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Osvaldo Ardiles» frå , den 8. juli 2024.

National Football Teams

Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Argentinske fotballtrenarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982