Petter Jansen () er ein norsk næringslivs- og forsvarsleiar og tidlegare sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). Jansen er kjend som administrerande direktør for SAS Braathens under samanslåinga mellom Braathens og den norske delen av SAS.

Utdanning Petter Jansen har utdanning mellom anna frå Krigsskulen og Hærens Stabsskole. Han har gjennomført Forsvarshøgskolen i Østersund, parallelt med studiar ved Østersund Økonomiske Høgskole 1986-88. I tillegg har han gjennomført Senior Executive Programme ved London Business School i 2003.

Karriere Jansen starta karrieren sin i Forsvaret i 1974. I 1988, berre 33 år gammal, blei han utnemnd til oberstløytnant og blei dermed den yngste embetsmannen i Noreg i moderne tid. I næringslivet har han hatt toppleiarstillingar i blant annet DNB, Postbanken, Fornebu hovedflyplass og SAS Braathens.

Petter Jansen var sjef for flyselskapet SAS Braathens frå 2004 til 2006. Han blei henta inn for å leia fusjonen mellom dei to sjølvstendige flyselskapa Braathens og SAS i Noreg. SAS Braathens gjekk i hans periode frå store underskot til betydeleg omsetningsvekst og svært gode økonomiske resultat. Omsetningsveksten kom i hovudsak av ekspansjon til nye, internasjonale destinasjonar. Jansen gjekk av som sjef i SAS Braathens i 2006 etter usemje med styret. Han hadde tidlegare vore konserndirektør i DnB, jobba i Kredittkassa og Postbanken frå 1996 til 2004. Jansen har òg bakgrunn frå Forsvaret og var i fleire år sjef for den tidlegare hovudflyplassen på Fornebu.

Frå 1. november 2011 vendte Petter Jansen tiblake til Forsvaret, som sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon.Dagens Næringsliv, 7. september 2011, side 32.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Petter Jansen» frå , den 7. januar 2026.

Kategori:Norske offiserar