FISINT (av engelsk Foreign Instrumentation Signals INTelligence) er etterretning frå utanlandske elektromagnetiske utslepp knytt til testing og operativ distribusjon av utanlandsk luftfart, bakkesystem og andre relaterte system.NSA-faq Sidan det handlar om signal som liknar vanleg samband, er det rekna som ein underkategori av COMINT, som, i sin tur, er ein underkategori av SIGINT. I motsetnad til generelle COMINT-signal, er ikkje innhaldet av FISINT eit vanleg menneskeleg språk, men snarare eit maskin til maskin (instrumentering)-språk eller i ein kombinasjon av vanlege menneskelege språk og instrumenteringsspråk. FISINT er òg regka som ei undergruppe av MASINT (måling- og signaturetterretning).
Typiske døme på slik kommunikasjon er: Telemetridata (TELINT). Rakettar, satellittar og andre eksternt overvaka einingar som ofte overfører straumar av data om posisjon, fart, motorstatus og andre berekningar. Videodatakoplingar. Desse kan vera frå UAV-ar eller frå satellittar brukt til rekognosering. Eksternt tilgjenge til, og kontroll over overføringar, til dømes frå eksterne nøkkelfrie system, trådlause dørklokkar og trådlause trafikklyskontrollsystem. Styringssignal som vert brukt i teleoperasjon, til dømes kontroll av luftfarkostar, rakettar, missil og eksternt kontrollerte robotar.
Sjå òg SIGINT: Signaletterretning COMINT: Kommunikasjonsetterretning ELINT: Elektronisk etterretning HUMINT IMINT: Bileteintelligens Måle- og signaturetterretning (MASINT)
Referansar
Denne artikkelen bygger på «FISINT» frå , den 26. november 2017.
Kategori:Etterretning Kategori:Etterretningsdisiplinar Kategori:SIGINT