Mons Andersson Askevold () var ein norsk lærar og kyrkjesongar frå Hyllestad i Sogn som var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1854. Han var far til Anders Askevold.

Askevold var son til ein gardbrukar på Sørbø i Hyllestad. Sjølv tok han det som vart kalla «prosteeksamen» og vart så sett til å vere omgangsskulelærar i Hyllestad. Sidan fekk han stillinga som kyrkjesongar i Askvoll og attåt lærar. I tillegg var han saman med presten om å utdanna unge karar til lærarar i den lokale skulen.

Askevold var forlikskommissær 1839-41 og 1843-74. I 1854 representerte han Nordre Bergenhus på Stortinget, der han var medlem i Kyrkjekomiteen. Frå 1858 til -62 var han ordførar i Askvoll og var elles kommunen sin rekneskapsførar i fleire år.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Folk frå Hyllestad Kategori:Folk frå Askvoll