Charles Michel () er ein belgisk politikar som var statsminister i Belgia frå 11. oktober 2014 til 27. oktober 2019. Sidan 1. desember 2019 har han vore president for Det europeiske råd. Før det var han leiar for Mouvement Réformateur («Reformrørsla»), som er eit fransk-språkleg liberalt/konservativt politisk parti. Partiet har sine røter i det opphavlege liberale partiet som vart splitta i 1970 ved at dei flamsk-språklege braut ut og skipa sitt eige parti.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Belgiske statsministrar Kategori:Folk frå Namur