Tidemann Flaata Evensen () var ein norsk byråkrat og politikar frå Solum i Telemark, som representerte Telemark og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1945-53.
Far hans var tømmermerkar. Sjølv gjekk han handelsskule i 1927, etter han året før hadde vore på selfangst ved Kerguelen. Frå 1930 til 1945 var han fullmektig ved Solum formannskapskontor og der etter fylkeskasserar i Telemark i åtte år til 1953. Han var fylkesarbeidssjef i Telemark 1953-59 og til sist fylkesmann i Telemark til han døydde i 1969.
Evensen var heradsstyremedlem i Solum frå 1933 til 1959, ordførar dei siste tolv åra. Hausten 1945 vart han også vald til stortingsrepresentant frå Telemark og attvald 1949. Heile tida var han medlem i Kommunalkomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Skien