Tommie C. Smith () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Clarksville i Texas som vart olympisk meister på 200 meter i 1968.
Aktiv Smith sette verdsrekord på 200 m med 20,0 sekundar i Sacramento den 11. juni 1966. Seks dagar seinare vart han nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 220 yards, ein tittel han forsvarte året etter. Den 20. mai 1967 forbetra han verdsrekorden på 440 yards til 44,8 sekundar under eit stemne i San Jose, noko som vart stipulert til 44,5 på 400 m, også det tilsvarande verdsrekord. Same sesongen vart han USA-meister (AAU) på same distansen, og han vann 200 m under universiaden i Tokyo.
mini|venstre|Tommie Smith på sigerspallen i Mexico i 1968 Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen vann Smith finalen 200-meteren med verdsrekordtida 19,83 sekundar. På sigerspallen, under avspelinga av nasjonalsongen, stod både han og landsmannen, bronsevinnar John Carlos, i svarte lestar og utan sko, og gjorde Black Power-helsinga. Begge utøvarane vart kasta ut av den USA-amerikanske OL-troppa og utvist frå leikane. Denne motstands-markeringa vert rekna som ein viktig milepåle i den USA-amerikanske borgarrettsrørsla.
I 1969 spelte Smith nokre månader på amro-fotballaget Cincinnati Bengals.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico by: Gullmedalje på 200 m - 19,83, framom Peter Norman (20,06)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tommie Smith» frå , den 18. oktober 2017.
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå Clarksville