Sylteviklia er ein øydegard ved Geirangerfjorden, i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.
Om namnet: sjå Syltavik.
Sylteviklia er nemnt i matrikkelen for 1666Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Sylteviklia: side 588) Stranda sogelag 1993. som sjølvstendig gard. I 1737 vart husa på garden øydelagt, dels av brann og dels av snøfonn. Siste brukaren er nemnt i 1738 og etter den tida budde der ikkje folk på garden og han vart brukt saman med Syltavik. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290 (1766) er garden «Sylteviig Lie» oppført som øydegard.
Garden ligg høgt oppe i fjellsida ovanfor Syltavik, om lag 400 moh., med tilkomst via ein lang og bratt gangsti. Jørgen Gjerding«Øydebruk i Sunnylven og Geiranger», side 55 sin kommentar: «Ein kan berre undrast på at nokon kunde finne på å busetje seg på ein slik stad».
Referansar
Bakgrunnsstoff
Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap - innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005.
Kategori:Kulturminne i Stranda Kategori:Storfjorden på Sunnmøre Kategori:Gardar i Møre og Romsdal