Kjetil Bragli Alstadheim () er ein norsk journalist og kommentator fødd i Oslo.
Alstadheim har studiekompetanse frå Nesbru vidaregåande skule frå 1987 og grunnfag i idéhistorie frå Universitetet i Oslo frå 1990. Han var dagleg leiar i Natur og Ungdom 1987–1989, journalist i Klassekampen 1991–1995 og journalist i den politiske avdelinga i Aftenposten 1995–1996. I 1996 vart han journalist og kommentator i Dagens Næringsliv i Oslo, der han òg har vore klubbleiar. Frå 2014 til 2020 var han politisk redaktør i Dagens Næringsliv, deretter vart han tilsett i tilsvarande stilling Aftenposten.
Alstadheim har som journalist dekt felta politikk og økonomi. Han var leiar for Presselosjen til stortinget 2006–2010.
I 2010 vart han tildelt Språkprisen til riksmålsforbundet for pressefolk, Gullpennen, og for 2011 vart han tildelt NTBs pris for godt mediespråk. I 2013 fekk han Den Store Journalistprisen.Journalistprisen til Alstadheim, presse.no, 13.05.2013
Alstadheim er brorson av Håvard Alstadheim og fetter av Håkon Alstadheim, begge Venstre-politikarar frå Skatval i Nord-Trøndelag.
Bibliografi
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Kjetil B. Alstadheim» frå , den 15. oktober 2017.
Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Journalistar i Aftenposten Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Norske miljøvernarar Kategori:Folk frå Asker