Trans-ny-guinea-språk er ei gruppe av språk som blir snakka på Ny-Guinea, dei små Sunda-øyene og Molukkane. Ein del forskarar meiner dei dannar ein språkfamilie. Inndelinga av familien er svært usikker, i og med at Ny-Guinea og dei kringliggande øyane kanskje er det området i verda med størst språkleg variasjon, og ein har ikkje studert alle språka godt nok. Det er difor heller ikkje semje om kor mange språk familien består av; nokre forskarar reknar med over 500, noko som gjer at trans-ny-guinea-språka kanskje kan reknast som den tredje største språkfamilien i verda når det gjeld talet på språk.
Trans-ny-guinea-språka vert delte inn i ei rekkje undergrupper, men det er ikkje avklart om alle desse verkeleg tilhøyrer familien. Alle trans-ny-guinea-språka er papuanske språk, ei ikkje-genetisk inndeling som omfattar alle språka i det vestlege Stillehavet som ikkje er korkje austronesiske eller australske.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trans-ny-guinea-språk» frå , den 2. oktober 2017.
Bakgrunnsstoff Litteratur
Nettstader Trans-ny-guinea-språk hos Ethnologue Trans-ny-guinea-språk hos MultiTree
Kategori:Føreslegne språkfamiliar Kategori:Ny-Guinea Kategori:Sundaøyene Kategori:Molukkane