Isotophydrologi er ei grein innan hydrologien der ein nyttar isotopinnhaldet i is, flytande vatn eller vassdamp til å rekna ut alderen eller opphavet til vatnet. I paleoklimatologien kan ein ved hjelp av isotopanalyse attskapa forhistoriske klima.

Skildring Vassprøver har unike fingeravtrykk, dels fordi dei har forskjellige delar oksygen- og hydrogenisotopar. Isotopar er variantar av same grunnstoff med eit anna tal nøytronar i kjernen.

Luft, jord og vatn inneheld hovudsakleg oksygen 16 (^{16}O), men oksygen 18 (^{18}O), som har to ekstra nøytronar, utgjer om lag to promille. Denne isotopen er noko tyngre og vil føretrekka den flytande fasen framfor å fordampe. Ein seier at isotopen vert fraksjonert, sidan dampen får eit lægre isotopinnhald enn væska. Saltvatn plar difor å vera rikare på ^{18}O enn vassdamp og nedbør.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isotope hydrology» frå , den 30. september 2017.

Kategori:Hydrologi Kategori:Vatn