Cuphead er eit run and gun-spel utvikla og utgjeve av den uavhengige kanadiske spelutviklaren StudioMDHR Entertainment. Spelet går ut på at ein eller to spelarar, i rolla som Cuphead eller broren Mugman, kjempar seg gjennom ein serie av sjefskampar for å betale tilbake ei gjeld til djevelen. Grafikkstilen i spelet er inspirert av amerikanske teiknefilmar frå 1930-talet, av typen som vart produserte av mellom andre Max Fleischer og Walt Disney.
Cuphead kom ut til Microsoft Windows og Xbox One 29. september 2017, macOS i oktober 2018, Nintendo Switch i april 2019 og PlayStation 4 i juli 2020. Spelet har fått positiv kritikk for den grafiske stilen og den utfordrande vanskegraden. Det har vore ein kommersiell suksess og har selt over seks millionar kopiar per 2020. Under E3 2018 vart det annonsert nytt innhald til spelet, titulert The Delicious Last Course, som kjem ut i juni 2022 og har ein ny spelbar figur, nye nivå og sjefskampar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dataspel frå 2017 Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel