Kåre Martin Hansen () var ein norsk arbeidar, funksjonær og politikar frå Hammerfest som representerte Troms og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1961-69.

Far hans var murar og smed. Hansen dreiv fiskje 1928–30 og arbeidde der etter som telefonmontør 1931–44. Under andre verdskrigen gjekk han Oslo elementærtekniske skole. Åra 1946-48 var han sosialsekretær i Nord-Troms. I 1949 byrja han på ein lang arbeidsdag i Telegrafverket, fyrst som teiknar og konstruktør til 1975 og til sist avdelingsleiar 1976-80.

Hansen var medlem i kommunestyret i Tromsøysund frå 1945 til kommunen vart slått saman med Tromsø i 1963. Han var ordførar frå 1947 til 1961. Perioden 1972-75 var han kommunestyrerepresentant i Tromsø. Frå 1961 var Hansen representant til Stortinget frå Troms, attvald til ein ny fireårsperiode i 1965. Den fyrste perioden var han medlem i Sosialkomiteen, den andre i Finanskomiteen.

Hansen hadde ei rad offentlege verv i Troms. Mellom anna var han formann 1959-63 i Byggekomiteen for Troms og Tromsø sykehus, 1960-62 i kommunikasjonsplankomiteen 1972-75 i næringsnemnda og byplanrådet i Tromsø. Dessutan hadde han verv i fagrørsla, fyrst i Tromsø Bygningsarbeiderforening og der etter på ulike nivå i Norsk Tele Tjeneste Forbund.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Ordførarar i Tromsøysund Kategori:Ap-ordførarar i Troms Kategori:Lokalpolitikarar i Tromsø Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Folk frå Tromsø