Sverresborg kyrkje eller Sverresborg kyrkjesenter er ei arbeidskyrkje i Trondheim i Sør-Trøndelag. Kyrkja vart vigsla den 7. september 2014. Ho utgjer første byggetrinn med det som er kyrkjelydshus og kyrkjelydssal. Dette skal seinare utvidast med 300 kvadratmeter til ein fullverdig kyrkjesal. I tillegg har bygget rom for andre aktivitetar.Byggeindustrien om Sverresborg kyrkjesenter

Altartavla er eit psaligrafisk verk av Karen Bit Vejle ferdigstilt hausten 2015. Biletet er 200 cm breitt og 300 cm høgt og forma som ein superellipse. Illustrasjonen viser mellom anna menneske i forskjellige stadium på livets veg og ei rekke symbol, mellom dei duer. Det heile er ramma inn av teksten til Fader vår og montert mellom glasplater. Tavla kan lyssettast, slik at ho kan brukast i ulike samanhengar.NRK om Karen Bit Vejle og altartavlaAdresseavisen 21. november 2015

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sverresborg kyrkje» frå , den 14. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Byåsen prosti kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 2014