mini|Egil Storbekken i bunad spelar tussefløyte i Alvdal under ei tilstelling i samband med lanseringa av filmen Freske fraspark i 1963. Egil Storbekken () var ein norsk musikar, komponist og instrumentmakar frå Tolga i Nord-Østerdal. Han er mest kjend for musikken som han komponerte for tussefløyte og framførte sjølv på dette instrumentet, og var ein viktig formidlar av norske folkemusikktradisjonar. Han har òg arrangert verk for orkester og songkor. I 1999 fekk han Gammleng-prisen i klassa «veteran».
Egil Storbekken tok til med komponist- og musikarverksemda si på 1930-talet. På heimstaden Tolga verka han både som musikar og som dirigent for eit strykeorkester, janitsjarkorps, to kor og eit folkemusikkensemble. Han hadde fatta interesse for gamle norske folkemusikkinstrument som bukkehorn, lur, munnharpe, seljefløyte og tussefløyte, og reiste i femten år saman med Rikskonsertane for å presentere desse instrumenta for skuleelevar over heile landet. Han skipa òg ensemblet Tolga-Tusseladdene for å kunne framføre både folkemusikk og sine eigne komposisjonar for tussefløyte. Formell musikkutdanning hadde han ikkje, berre eit stutt studieopphald ved Musikkonservatoriet i Oslo då han hadde nådd godt vaksen alder.
Egil Storbekkens musikkpris Tolga kommune, Norsk Lur- og bukkehornlag, Tolga-Os Sparebank og NOPA oppretta i 2006 Egil Storbekkens musikkprisEgil Storbekkens Musikkpris mic.no for å fremme bruken av dei eldre folkemusikkinstrumenta i norsk folkemusikk og Egil Storbekken sin musikk.
Filmografi (som komponist) 1963: Freske fraspark
Diskografi (som komponist og utøvar)
1966: Tussefløytelåter (EP) 1967: Optimist med freske fraspark - Stemning fra Steigjela landets mest omtalte bygdevei i Alvdal (EP) 1967: Ekkolåter (EP) 1969: Vårleken (EP)
1968: Tussefløytelåter (LP) 1970: Norske Fjelltoner (LP) 1972: Toner frå Fjell og Seter (LP) 1974: Kos på bygdom (LP) 1977: Helsing frå Østerdalen (LP) 1984: Trolldans (LP)
Bakgrunnsstoff
Norsk biografisk leksikon: Egil Storbekken Om Egil Storbekken på Ballade
Kjelder
Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Tolga