Madinat Hamad eller Hamad by (arabisk مدينة حمد) er hovudsakleg ein pendlarby nord i Bahrain. Han var tidlegare ein eigen kommune, men vart så ein del av kommunen Ar Rifa' wa al Mintaqah al Janubiyah i 1991. I dag ligg området i Nordguvernementet. Namnet refererer til den noverande kongen av Bahrain, Hamad ibn Isa Al Khalifah.

Hamad by vart grunnlagd i 1984 som ein busetnadsby, der staten bygde kommunale bustader for dei som ikkje hadde råd til dei aukande bustadprisane i andre delar av landet. I 1990 opna staten dørene for kuwaitarar som leid etter golfkrigen med Irak. Dei gav gratis hus og skule i Hamad. Kuwaitarane reiste heim tidleg i 1991 då krigen var over.

Geografi

Hamad by ligg 18 km frå hovudstaden Manama og 19 km frå flyplassen. Han ligg nær Sakheer der den store Formel 1-banen (Bahrain International Circuit), ligg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hamad Town» frå , den 2. september 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Bahrain Kategori:Tidlegare kommunar i Bahrain Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:1984 i Bahrain