Silje Marie Aker Johnsen er ein norsk sopran som òg driv med samtidsdans. Ho kan ofte reknast som ein hybridutøvar innanfor scenekunst, i spennet mellom desse to felta.
Aker Johnsen har dei siste åra vore aktiv innanfor samtidsmusikk og kontemporær scenekunst. Særleg har ho utmerka seg med å urframføra ei lang rekkje verk av norske samtidskomponistar, og fekk i 2013 Norsk komponistforening sin pris «Årets utøvar», der mellom anna denne eldhugen er nemnd som grunngjeving. I 2017 vann ho igjen Norsk komponistforening sin pris «Årets utøvar», denne gongen som del av Ensemble Neon.
Som eit av medlema i Ensemble Neon vart ho i 2017 òg tildelt Spellemannprisen for albumet Neon (2016).
Aker Johnsen var i perioden 2014 til 2018 tilsett som stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ho arbeidde med å utvikla fusjonen mellom sang og samtidsdans vidare. I 2019 tok ho doktorgrad med En søken etter en utvidet fysisk tolkning av vokal samtidsmusikk og av opera.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske dansarar