Bernt Lorentzen () var ein norsk lærar og historikar frå Bergen.
Lorentzen vart cand.philol. i 1929 og var lærar ved Tanks skole i heimbyen frå 1931 til 1954, dessutan i mange år timelærar ved Bergen tekniske skole. I 1953 vart han dr.philos. gjennom avhandlinga Gård og grunn i Bergen i middelalderen. Frå 1954 til -71 var han direktør ved Det Hanseatiske Museum i Bergen.
I førti år, 1931-71, var Lorentzen styremedlem i Bergens Historiske Forening, formann 1954-59. Han skreiv bøker og mange artiklar om det historiske Bergen, mellom anna Bergens by i svunne dager og Ostindiaflåten.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske historikarar Kategori:Folk frå Bergen