Jens Nicolai Selboe () var ein norsk gardbrukar, vaktmeister og politikar frå Skedsmo. Han representerte Akershus amt på Stortinget i tida frå 1868 til -79.

Selboe var son til Lars Petter Selboe. Etter faren døydde i 1856 tok han over farsgarden Kjeller og dreiv denne til 1879. Han fekk då stillinga som vaktmeister ved distriktsfengselet for Akershus amt på Strømmen, ei stilling han hadde til sine eldste dagar.

Selboe var medlem av heradsstyret i Skedsmo frå 1857 til 1883, ordførar i periodane 1857-59 og 1867-75. Elles var han forlikskommissær 1867-73, åstadskommissær 1890, styreformann 1868-74 i den lokale sparebanken. 1892-93 var han formann i Akershus amtsskattekommisjon.

Frå 1868 til 1879 var Selboe stortingsmann frå Akershus amt. På Stortinget var han alle sesjonane medlem i Tollkomiteen, sekretær 1877-79. I tillegg var han 1874-76 med i Valkomiteen, 1875-79 i Skattekomiteen og 1877-79 i Lagtinget. Han var i 1873 mellom dei Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm i mai 1873.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Ordførarar i Skedsmo Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Skedsmo